[av_textblock size=» font_color=» color=»]
Pappapop (singel)
Beibi, vi går rundt i leilegheita vår,
og vi feirar miraklet (som er deg)
med deileg pophistorie.
Beatles, deLillos og The Bangles,
vi nynnar på norsk og engelsk
og bittelitt svensk, for barn skal byggast ut av glede.
Vi gir det vi har for at du skal vekse opp.
Mamma gir pupp! Pappa gir pop!
Wa-ba-bappa – popmusikk med pappa.
Vi begynner med Beatles, trappar opp med ABBA,
travar rundt kåken med melodien
i kroppen min og kroppen din.
«Ja vi elsker» er ein godlåt,
ein poplåt av Bjørnson/Nordraak,
ein favoritt-hit i lag med «Rosenborgsongen».
Hei og hå, «We are the Champions»
and you’re so «Pale and Precious»,
verdas yngste fan av The Dukes of Stratosphear.
Vi gjer det vi kan for at du skal vekse opp.
Mamma kan pupp! Pappa kan pop!
(og vi syng)
Wa-ba-bappa – popmusikk med pappa.
Vi begynner med Beatles, trappar opp med ABBA.
Når songen er ein lang ein, går vi heile gangen.
Nederst der finn du
vårt Waterloo!
Waterloo – vi slepp ikkje unna må du tru.
Waterloo – vi ender nok opp ved Waterloo.
Wæwwæwwæwwæw!
Eg og du, vi går rundt i vårt eige hus
og nyt vårt eige popjubelbrus,
eit liv i fryd, eit liv utan blues.
Du veks og du veks og ein dag må det stoppe
med puppen til mamma, men aldri med pop!
(levva livet med)
Wa-ba-bappa – popmusikk med pappa.
Vi begynner med Beatles, trappar opp med ABBA,
travar rundt kåken med melodien
i kroppen min og kroppen din.
Wa-ba-bappa – popmusikk med pappa.
Og kanskje går vi vidare til pønken og rocken,
pogar rundt kåken, headbangar med smokken
og spelar luftgitar.
Wa-ba-bappa – popmusikk med pappa.
Når du lagar lyd, blir mamma med og klappar,
dansar rundt i kåken med poppen
i kroppen min og kroppen din.
Dansar rundt i kåken med poppen i kroppen.
Dansar rundt i kåken med poppen i kroppen.
Dansar rundt i kåken med poppen i kroppen.
Dansar rundt med Pappapop i
kroppen min og kroppen din,
vår Dancing Queen!
Last ned Pappapop pressebilde her
[/av_textblock]