På tampen av 2016 vart Sigurd Brørs far for første gong, og denne store livsomveltinga utløyste ein kreativ formtopp den følgande vinteren og våren. Alle dei 11 tekstane på plata «Pappapop» handlar om fødsel, familie og den sylferske papparolla. Med like delar feiring, skråblikk og eigenterapi vil plata fenge både fedre, mødre, beibiar og andre musikkfrelste.
Tittelsongen «Pappapop» er første singel, og hyllar det å gå rundt i heimen med ein beibi i armkroken og synge for den vesle. For Sigurd sin del vart kjernereportoaret i desse songstundene utvida kvar gong dottera responderte positivt, og snart bestod det av ein herleg miks: Beatles, deLillos og The Bangles, side om side med «Ja vi elsker» og «Rosenborgsangen».
Høyr «Pappapop» her!
«Pappapop» poppa opp i hovudet til Sigurd etter ein slik gåtur, og er i seg sjølv ein shuffle i klassisk Beach Boys/Beatles-tradisjon. For Sigurd føltes det godt både å gi denne arven vidare til beibien, og å få begeistra respons tilbake. Dette var populær musikk, i bokstaveleg tyding, og pappa kunne tilfreds konstatere: Ja da, mamma kan pupp. Men pappa kan pop!
«Pappapop» er produsert av Karl Klaseie og Sigurd Brørs. I tillegg til Sigurd på vokal og gitar spelar Oddbjørn Sponås trommer, Jørgen Wassvik spelar bass, Brage Kristian Einum spelar tangentar, Martin Vognild Einum spelar munnspel og Emil Emilson Holmesland trakterer trompet.
Abonner på The Brørsletter
Vil du halda deg oppdatert om musikkutgjevingnar, konsertar og andre aktivitetar? Meld deg på nyheitsbrevet «The Brørsletter»!
The Brørs – sesong 1
I 2016 gav The Brørs ut dei 13 singlane/episodane som utgjorde «The Brørs – sesong 1». Første episode, ein song om kvifor Sigurd begynte å synge på norsk pga. faren Styrkår si masing opp gjennom åra, vart lansert på 82-årsdagen til faren. Sjå alle episodane her!